ROPPEHORNET

INFORMASJON 

Bratt og flott vegg! Eit felt med stort potensial. Mange nye ruter er etablert i 2020. Veldig masse spennande formasjoner og tak. Hareidlandet si lengste rute går midt opp veggen og innbyr til utfordring for dei fleste.

 

Behov        60m tau for sportsklatring på rutene og 15 kortslynger.

                   2x 60m tau (eventuelt tau på over 70m) vist du skal vidare opp veggen.

 

ADKOMST

Kjør mot Flø. Parker på høgre sida av vegen etter å ha passert den store steinen på høgre sida av veien ved bakketopp nummer to.  Vidare oppover går det ein traktorvei. Denne kan du følge til endes. Her i frå roter du deg opp lyngen og finn ein sti merka med vardar opp i mot fjellet. Sjølve veggen ser du heile veien opp så målet er lett å ha i sikte. Lettast er å kome opp til veggen på venstre kant for så å fylle den innover til ønska rute.

KLATREFØRAR

  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

KLIVRELAGET