top of page

BLÅFJELL

Sjekk ut klatrefører :: Sunnmøre

av Tommy Skeide

INFORMASJON

Eit stort og flott klatrefelt som kan by
på mykje god og variert klatring. Den nederste delen av klippen er for det meste sva, men ovanfor “hylla” er det omtrent loddrett med nokre overheng innimellom. Det er leda nokre naturleg sikra ruter, og feltet er prioritert med tanke på nye bore- boltruter. Det er bora mange toppfeste på Blåfjellet. Vegghøgde: frå 10-50m.

 

ADKOMST

Køyr mot Fosnavåg, men eit stykke før Herøybrua tek du av til venstre mot Moltu/ Gjerdsvika. Køyr gjennom Moltu, og etter ein serie med skarpe svingar er du

på Hide. Parker like ved ferist. Blåfjellet er den store klippen ovanfor veien. Frå vegen tek det ca 10 min å gå opp til klip- pen. Den litt brattare delen av Blåfjellet er ovanfor hylla som deler veggen i to til venstre på klippen. Sektor A. For å kome dit, må du følge ein sti som går ut til venstre for “veggen”. Etter 50m på denne stien bryt du av til høgre opp gjennom ein bratt grasbakke.

KLATREFØRAR(gammal)

Screenshot av ny fører

Blefjell blir stadig utvida og har eit enormt potensiale. Tore Lundberg har sjekka ut tradmuligheitene rundt hjørne på klippa og rapporterer tilbake om følgende:

På Hide er det mykje meir klatring enn Blåfjellet.

Rett inn om fyret på Hidsneset ligg domen Kvitjellet og lyser med mange sprekker og snufeste.

Neste rygg mot aust er Storegga. Denne har du til venstre om du går svart StikkUt frå Hidsneset. Fjelltypen ser litt ruskete ut frå vegen, men viser seg å vere solid - noko grasbakken rett under vitnar om. Det er vertikal sprekker, kantar og finnar som kjenneteiknar feltet. Her er det naturleg sikring som gjeld, men nokre taulengder (tl) har nokre få boreboltar (bb). Hovudsnufesta (lilla rute) har 2 bb og ringar , resten ein bb og ein kile utlikna i ein ring.

Blå / Hidsbåen, 45m, 2 tl, nat, 6, 5+

 

Grøn / Kjeggane, 30m, nat & 1bb, 6(+)

 

Lilla / Storegga, 50m, nat & 5bb, 2 tl, 7-, 6

 

Gul / Leirbåen, 30m, 6

 

Brun / Litlebåen, 55m, nat & 5 bb, 7-, 6+

 

Lysebrunt er variantar.

Vidare utvikling.

Der er hekkande ramn tvf Blå rute; det bør ikkje lagast ruter her.

Lenger th i veggen er fjellet meir liggande, men like lovande.

Frå øvre høgre snufeste (lysebrun variant) kan ein lett mekke i midtpartiet.

Det er mulig å fortsette vidare oppover ryggen om ein vil lage ‘den lange ruta’.

toreiaksjon.jpg
førar01.jpg
førar02.jpg
Kart01.jpg
bottom of page