KLATREKOMPIS

For å lettare kome inn i uteklatringa vil klivrelaget bidra med gode løysingar. Vi har difor kjøpt inn utstyr som medlemmar med brattkort kan låne gratis. I tillegg starter vi i  2021  med kompisklatring.

 

Klivrelaget sin kompisordning har som målsetting å skape ett større miljø for at yngre personer som er interesserte i fjellklatring får øynene opp for klatring utandørs. Her kan ein ta kontakt med ressurspersoner i klubben som kan og vil bidra til opplæring i klatring. Under lister eg opp ulike personar som du kan ta kontakt med om du ønsker å bli med ut på klatring. Person- og kontaktinformasjon står oppført ved kvart bilde.

Klatresekken finner du i resepsjonen på Ulstein Arena. Denne kan du låne i tre dagar i slengen. Det vil seie at du kan hente den eine dagen, bruke den neste og levere inn att den tredje. Dersom du trenger å låne den lengre ta kontakt med klivrelaget. Kravet for å låne sekken er at du er medlem med årskort og har brattkort. Inne i klatresekken finner du tau(70m), kortslynger x16, hjelm x2, karabiner, sikringsbrems x2, klatrerfører for området, kniv og diverse hjelpemiddel til klatring utandørs. Sko og sele må ein stille med sjølv.

 

TORE LUNDBERG

1957
Halvstudert og halvpensjonert IT-nerd
Gift, 3 barn, 8 barnebarn, bur på Moltustranda

Kontaktinformasjon

95436980 / luntor(at)broadpark.no 

ikkje på noko sosial plattform.

Jobbar tirsdag, onsdag og torsdag - ellers fri.

Har klatra på klipper høgt, lavt, vidt og breidt sidan ‘73 - mest i Molladalen. Vore med å utvikle klatreområder på Sunnmøre sidan ‘74.Besøkt mange av dei internasjonale destinasjonar eg las om i Mountain magazine.Har klatra fleire av prestisjerutene til heltane frå ‘70- og ‘80-talet.

Trakka i mange salatar og fått mykje kritikk, men er æresmedlem i Sunnmørsk klatreklubb. Har sett meg godt inn i klatring sine definerande faktorar - som stil og etikk. Sit i NTK sin etikkomite.

TOBIAS HATLØY

1986
Heilstudert praktiker
Gift, 1 hund, og bur på Sundgot.

Kontaktinformasjon

95029100 / thatloy(at)gmail.com

Finst på sosial plattform.

Jobbar sporadisk

Har klatra i øst og i vest, sør og nord. Er ivrig på dei lokale felta og ønsker å dele klatregleda vidare. Sitter i klivrelaget sitt styre.

  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

KLIVRELAGET