top of page

KURS

Alle har lov å klatre i Klatrehallen og Siloen, men berre dei med brattkort eller topptaukort har lov til å sikre. Det er høve til å øve seg på å sikre i opningstida når det er vakter til stades.

Vi har fleire dyktige instruktørar tilgjengeleg som kan halde grunnkurs inne, oppfriskingskurs, topptaukortkurs eller brattkortprøve (for dei som har kompetansen i orden men manglar brattkortet). Brattkortet kan samanliknast med eit førarkort, berre at det gjeld for klatring. Når ein har klart brattkortprøva, så har ein bevist at ein har tilstrekkeleg erfaring når det gjeld tryggleik, sikring og klatring slik at ein trygt kan klatre på eiga hand.

Klivrelaget held kurs i løpet av året og annonserer dette på Facebook . Fø​lg med der for å finne neste kurs. Dersom du ikkje finner noko ta kontakt med oss på  post@klivrelaget.no

Brattkortet er også gyldig i alle klatrehallar i landet.

LINK til Brattkompetanse.no for meir informasjon.

Brattkortkurs medlem            1250,-     

Brattkortkurs ikkje medlem   1500,-                              

Brattkortregistering på nett     300,-

 

bottom of page