top of page

KLATREMILJØ

18230436031033664.jpg

Klivrelaget har eit godt miljø. Her drar vi ut til klipper og fjell i området og nyter vertikale utfordring i fellesskap. Vi lærer gjerne vidare kunsten å forsere bratte berg. Sannsynlegvis kan du også lære oss noko. Så velkommen skal du vere.

Det er fleire klubbar og klareveggar i nærområdet. Desse ønsker vi å ha kontakt med. Sjekk ut nettsidene til dei andre klubbane og klatrehallane under.

Sunnmøre klatreklubb

Ålesund klatreklubb

Sunnmørshallen

Buldrehallen

Ørsta klatrehall

Klubbklatring

Foregår på tirsdag og torsdagar 19:00 og utover. Her blir det ikkje gitt opplæring, men ein hjelper kvarandre og legger til rette for eit felleskap rundt klatringa. Når sommerhalvåret er på plass og det ligger godt til rette for uteklatring forsøker vi å klatre i lag på dei lokale felta.

Dameklatring

På tirsdager 18:00 -19:00 samlar deg seg ein gjeng med damer for å klatre i lag. Her er det tanken at ein kan bli introdusert til klatring og skape eit felleskap. Dette glir over i klubbklatring frå 19:00.

Juniorklatring

Blir arrangert torsdagar frå 18:00 og utover. Dette er for dei som fyller 13 år og eldre. I løpet fleire samlinger instruerer vi i brattkortet og lærer vekk kunsten og gleda med klatring frå innadørs til utandørs. Håpet er å danne ei fast gruppe med ungdommar som finner felleskap i lag med klatring. Samtidig ønsker vi at ungdommen møter andre i klubben. Difor er det ein glidande overgang mellom juinorklatringa og klubbklatringa som begynner 19:00 på torsdagar.

bottom of page