logo.png

bratte utfordringar for kropp og sjel
kontakt_text.png

Postboks 365

6067 ULSTEINVIK

+47 913 34 548
klivrelaget@yahoo.no
meny_text.png
omr_ulstein.jpg

klatrefelt på Søre Sunnmøre

Medan vi ventar på komplett førar, kan vi presentere ei grov oversikt over dei viktegaste klatrefelta på Holmelandet, og nokre kladdar i pdf format. Antal felt er stort, og kvaliteten på kvart enkelt felt er veldig bra. Det som manglar er mengde. I åra framover vil vi prøve å konsentrere oss om dei felta som vi har, og utvikle dei til det fulle.

Felt Bolteruter Kileruter Grader
Blåfjellet 18-20 10-15 4 -> 7
Muren   9 1 (6) -> 8-
Mulevika  25-30 10-15 3->8-
Koparstad  7  0 6+ -> 8/8+
Korsneset   8 0 7+ -> 8
Flø, Uren Luren    10-15 4-5 5 -> 8-
Laupen   7 2-3 5 -> 7
Flø, Buldring   (ca 40 problem) x 3-7a
Sulesund, Buldring  (ca 35 problem) *Ikkje førar enno 3-7a+
Felt - nytt

det er ein del boltar på nokre felt som er prega av miljøet. Boltane det fyrst og fremst gjeld er på Muren og i koparstad-hola i skorpesundet. Det vart sett opp ein del boltar på desse felta som ikkje er rustfrie og dermed er dei rusta. det er opp til den enkelte å vurdere om dei er brukande - men boltane vil verta bytt ut med rustfrie so snart nokon finn tid til dette.                                                                     01.08.08

det har blitt bolta om på nedre del av Blåfjellet. det inneber at rutene som er langt til venstre kan forvekslast med kvarandre i starten.
2008            

det er på  gang litt utskifting av toppfeste på diverse ruter rundt om kring. me vil freista å få opp karabinar der det er størst trafikk slik at etableringa av toppfeste vil verta enklare.            
2008

Blåfjellet

Flott, lett til middels vanskelig klatrefelt med mange lange gode bolteruter. Veggen har eit flott sva nede og ein litt brattare sportsleg vegg oppe til venstre. Feltet vender mot sør, og er ofte lunt og solrikt. Det kan klatrast her heile året, så lenge det berre er blå himmel og sol.

FØRAR FOR BLÅFJELLET

Blaafjellet.PDF

Muren(Gjerdsvika)

Eit kvalitetsfelt med mange flotte bolteruter mest rundt grad sju. Klatringa er vedvarande og teknisk på artige tak (lommer her og der). Pumpande klatring, med ein totalt ikkjepumpande anmarsj (3 min).

Førar vil dukke opp her etter kvart..

Mulevika

Mulevika er eit stort og flott klatrefelt. Eit av dei mest komplette. Her finn du ruter av alle slag. Både lette og vanskelege kile og bolte -ruter. Feltet ligg idyllisk plassert og rommer mange ruter. Det einaste vi manglar på dette feltet er bratte overhengade veggar. Brattaste veggane her er 5 grader overhengade. Fjellet er fast og teksturen på fjellet er svært bra. Sektor D er best for enkel til moderat bolteklatring.

a_mulevika.pdf

FØRAR FOR MULEVIKA

mulevika.pdf
Koparstad

Flott sportscrag med bratte ruter og gode tak. Hola ligg idyllisk til ved sjøen og gjev tak over hovudet til Havburkna, ei sjeldan plante som bor i hola. Ver varsam i dette skjøre miljøet. Ikkje la kortslynger henge att mellom besøka, og ikkje så mykje som ein bitte liten rullingssneip skal ligge att!

a_kopar2.pdf

FØRAR FOR KOPARSTADHOLA

koparstadhola.pdf
Korsneset

Er eit av dei beste sportsfelta på Sunnmøre i det øvre graderingsskiktet. Rutene her ligg rundt grad 8, og er av høg kvalitet. Feltet ligg austvendt, og har sol omlag til klokka 11 om morgonen. Det er tørt på byrjande regnver, men det sig litt når det har regna ei stund. Er heilt lunt ved sterk sørvest vind.

a_korsneset.pdf

FØRAR FOR KORSNESET

Korsneset.PDF
Laupen

Eit nytt og flott klatrefelt som har klatring av høg kvalitet. Rutene ligg tett i tett i ein formasjonsrik vegg som har alt frå sva til svakt overhengande ruter. Dette er ein sjøklippe med mange kreative og varierte ruter. Kva er ulempa? Viss du ikkje har båt, kan du vente deg ein humpete adkomst langs fjøresteinane. 30-40 minutt vil det ta, men er sjøvsagt verdt bryet! Før du kan klatre må du rapellere ned veggen.  Vil legge ut bilete så snart filmen kjem frå framkalling.

laupen.pdf

FØRAR FOR LAUPEN

Laupen.PDF
Flø, Buldring

Våren 2001 var Trond Ola Tilseth frå Volda ein tur til Flø for å buldre. Rykta spreidde seg som eld i tørt gras; "Heilt frå Volda til Flø for å buldre????" Augene våre spratt opp, og vips så var 30-40 problem etablert. Vi drog med oss ei matte frå Klivrehallen som fungerar som crashpad, noko ingen i Klivrelaget har. Det tek vel tid før motane når holmelandet, visst har vi buldra der før, men ikkje på denne måten!

Flø er eit av to gode buldrefelt på Sunnmøre. Det andre er på Sulesund. Førar for det feltet er ikkje laga enno, men det kjem snart. Nokon tykkjer det er bra å buldre på Emblemssanden og, men fottaka er for gode har Marius Morstad sagt. Vi er enig, dessutan er buldring best på steinar!

a_floe.pdf

NY FØRAR FOR FLØ

http://www.klatreklubben.no/wp/wp-content/uploads/2015/11/floeA5_mai15.pdf

Sulesund, Buldring

Ola Johs Folkestad har funne eit glimrande buldrefelt på Sulesund. Vi har masa til oss til nokre bilete av godsakene. Antal problem tel pr 1/9-2000 omlag 35 fordelt på 10 steinar.. Feltet har enno rom for fleire kvalitetsproblem. Det er Endre Helsem og Roar Solvang som har gått dei fleste problema, og brukt fleire regnversdagar på å lage landingane betre for meg og deg. Takk skal dei ha...

Førar for feltet kjem seinare.

Foto: Ola Johs. Folkestad

kontakt_text.png

Postboks 365

6065 ULSTEINVIK

+47 913 34 548
post@klivrelaget.no

© Klivrelaget 2014. Powered by Osberget CMS