logo.png
slogan.png
kontakt_text.png

Postboks 365

6067 ULSTEINVIK

+47 913 34 548
klivrelaget@yahoo.no
meny_text.png

Ekstraordinær årsmøte

Styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte i Klivrelaget.

Årsmøtet vert heldt den 11. mai 2017 kl 1900 i klatreveggen på Osnes.

Årsaka til ekstraordinært årsmøte er at innmelding i Norges Idrettsforbund / Norsk Klatreforbund ikkje vart godkjent.

Styret har fått tilbakemelding frå NIF om at dette namnet ikkje er godkjent i høve til NIF sine lover.                                                                                                                                                                                                                            Namnet på vår klatreklubb har sidan oppstarten i 1995 vore «Klivrelaget».

klubben må dermed endre namn for å verte godkjent som medlemsklubb i NIF.

Ekstraordinært årsmøte må vedta nytt namn før vi kan verte medlem i NIF.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vært medlem av idrettslaget i minst én måned, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.


Velkommen til årsmøte!

Med vennleg helsing

styret

innkalling_til_ekstraordinaert_aarsmote.docx
sakliste_ekstraordinaert_aarsmote_mai_2017.docx

KLivrehallen

DET VERT IKKJE VAKT I KLATREVEGGEN UTOVER SOMMAREN.

Då er sommaren over oss og me har dermed ikkje vakter i klatreveggen.

Det vil verte vanlege åpningstider frå hausten-

God sumar.

Styret i Klivrelaget

Nøkkel til hallen

For å få nøkkel til hallen må du ha Brattkort, vere over 18 år og du må kunne vise til betalt medlemskap. Nøkkelen kostar 500 kroner. Av desse utgjer 300 kroner eit depositum som vert tilbakebetalt den dagen du leverer nøkkelen tilbake. 

Slik gjer du for å få nøkkel.

1) Betal kr. 500 til konto 4137.07.17115  Merk med: namnet ditt og "nøkkel"

2) Ta kontakt med følgjande i styret i Klivrelaget for å avtale utlevering av nøkkel og underskriving av kontrakt. (Kontrakta bekreftar at du har lese og akseptert "reglar for klatrevegen" og "annsvarserklering for klatreveggen")

Olve Havåg tlf.: 91334548

Henning Langeland tlf.: 90064952

Annette Hegvik  tlf: 41330238

Birgitte Fondevik tlf.: 47024394 

Håvard Holstad tlf: 45476080

Jon Kåre Haddal Våge tlf: 95161388

Helsing styret i Klivrelaget

Brattkort

For å få nøkkel til klatrehallen må du ha brattkort. Dette er for at vi skal vere sikre på at dei som brukar klatreveggen har den kunskapen dei treng for å klatre på ein sikker måte.

Me har brattkort som eit krav til dei som ha nøkkel samt til dei som skal vere klatrevakter. 


Me vil halde innføringskurs for dei som ikkje har klatra noko før, og då vil brattkortprøva vera eksamen på det kurset. Innføringskurs i klatring vert arrangert etter behov. Dato for kursa vil verte annonsert i forkant.

Dersom det er interessant, kan me tilby brattkort-prøve til alle som føler seg skikka til å ta prøva utan kurs. Du kan ta kontakt med vaktene i klatreveggen eller sjå på vaktlista kva tid der er godkjent instruktør tilstades. Eller skriv ein mail so ordnar me eit tidspunkt.

Innføringskurs i klatring:  800 kroner 

Brattkortprøve.                : 200 kroner

Vel møtt i klatreveggen!

kontakt_text.png

Postboks 365

6065 ULSTEINVIK

+47 913 34 548
post@klivrelaget.no

© Klivrelaget 2014. Powered by Osberget CMS